Til foreldre/føresette

Kjære foreldre/føresette

Dette er ei side tilegna foreldre til ungdom som har lyst til å vere med på SunnfjordLAN.

Kva er SunnfjordLAN?

SunnfjordLAN er eit data-party arrangert av 8. klasse Sande skule og Viksdalen skule. Ikkje bare er SunnfjordLAN eit dataparty, men også ein festival der vi byggjer ein felles identitet mellom ungdommane i Gaular KommuneFørde KommuneJølster Kommune og Naustdal kommune der dei utfordrar og er sosiale med vennane sine.
LANet er dreve av non-profit arbeid, altså heilt frivilleg.

Kva gjer ungdommane på SunnfjordLAN?

Dei spelar dataspel med eller mot kvarandre, ser på film saman eller har det kjekt med å gå rundt og sjå på kvarandre spele.
Ofte så får dei til og med nye interesser! For å få ting endå meir sosialt har vi ein Team-Kahoot med ein liten premie på fredagen, slik at alle på raden kan bli godt kjent.

Kan eg kontakte arrangørane?

Selvfølgelig! Vi vil alltid prøve og gi så mykje info som mogleg til foreldre og foresette. Kontakt oss på vår e-post: [email protected].

Kan eg besøke bornet mitt under LANet?

Selvølgelig! Dette er noko vi anbefalar. Det er berre å sei ditt barns namn ved innsjekkingsområdet, og du får tilgang!


Er det nokon aldersgrense for å bli med?

Ja, dette har vi med tanke på sikkerheit og reglar. Aldersgrensa er 8.klasse – 20 år.
Alle under 18 år må ha sendt signert samykkeskjema på e-post: [email protected]!

Er det trygt på SunnfjordLAN?

Ja, SunnfjordLAN er eit trygt arrangement. Vi har reglar og vakter som går rundt i hallen og brannvakter som skal passe på dette. Vi trur ikkje at tyveri vil vere eit problem.

Dette har aldri funnet stad, men vi oppfordrar våre deltakarar til å vere ekstra obs på utstyret sitt og bli kjent med dei andre på rada slik at dei kan passe på utstyret
når nokon ikkje er tilstede.

Er SunnfjordLAN eit rusfritt arrangement?

Ja, absolutt! Vi har nulltoleranse for bruk av rusmidlar eller alkohol. Personer i ruspåvirka tilstand vil bli kasta ut og sendt bort frå området.

Kva med mat og drikke?

Uten mat og drikke duger helten ikkje! Vi selg mykje god mat i kiosken vår, mykje pizza, pølser, brus osv. men også mykje meir! Vi tek kontantar, Vipps og kort.
Vi selg mykje drikke, bl.a brus, smootie, juice og mykje meir!

Korleis er det med doar, garderobar og sovefasiliteter?

Vi har 4 garderobar, 2 gute og 2 jente-garderobar med doar. Vi har i tillegg over 10 toalett som deltakarane kan bruke.
Vi oppfordrar alle til å ta ein dusj gjennom arrangementet for å halde det reint. Vi vil også kaste søppel, bytte papir osv. etter behov.
Vi har søppelposar plassert rundtom i hallen slik at deltakarane får kasta søppelet på ein korrekt måte.

Kva skjer om utstyret til min son/dotter forsvinner eller blir ødelagt?

SunnfjordLAN har ikkje ansvar for deltakarens utstyr. Vi har derimot reglar som skal forhindre slike hendelsar. Husk gyldig reiseforsikring!

Noko meir du lurar på?

Då er det berre å ta kontakt på e-post: [email protected] så får du svar innan nokre timar!