Dette må du ha med på SunnfjordLAN

14 dagar til LANet! Vi gler oss kjempe mykje! 😀

På SunnfjordLAN er det ein del ting man må/bør ha med. Her får du ein oppsummering. For full liste trykk her.

Alle under 18 år må sendt signert samtykkeskjema på e-post: [email protected].
(Du kan laste samtykkeskjema nederst i dette innlegget.)

Som på alle andre LAN skal du ha med deg ein datamaskin eller ein konsoll. Har du med deg konsoll må du ha med deg kontroll og ladar til kontroller, og på PC må du ha med deg musematte, datamus og headset. Du kan ha med deg ein TV om du har konsoll, og du har iallefall stor nok plass til 40″. Du kan ha med deg bærbar maskin i tillegg om du har med deg konsoll, men du må vere oppmersam på at man kun har 1 internettkabel og at derfor kun ein ting om gangen kan ha internett.

Alle må ha med seg ein stol. Enten kontorstol eller gamingstol i vanleg størrelse.

Vi er så heldig og få internettet sponsa av Enivest, og nettkabel er lagt opp på plassen dykkar slik at dåke ikkje treng å ta med ein internettkabel sjølv. Dåke må ta med ein minst 2 meter lang straumforgreinar.

Det er veldig viktig å hugse mobilladar! Trist og vere utan mobil i 3 netter… 🙁

Alle skal ha med toalettsaker. Deodorant er svært viktig! Det anbefalast å dusje minst ein gong under arrangementet i garderobane.

For å unngå å irritere andre så seier vi at hodetelefoner er påbudt.

LANet er også tilrettelagt personar med ei funksjonshemming. Alle følgjepersonar til personar med ei funksjonshemming må ha med følgjekort for å komme inn gratis.

Vi vil anbefale og ha med minst 3 klesskift.

Ingen klarar og halde seg vakne i 3 netter, og derfor må alle ha med sovepose og liggjeunderlag.
Vi har ein fantastisk kiosk på LANet der man kan kjøpe seg mykje godt. Der tek vi:
– Vipps
– Bankkort
– Kontantar

Det er også fint og ha ein mobil i tillfelle heimlengsel. 🙂
Fleire spørsmål? Send ein e-post til [email protected] for å få svar innan nokre timar!

Vi gler oss til å sjå dåke der 🙂
Med vennleg helsing,
Crewet